For å vera konkurransedyktige og hengja med i tida, måtte me mot slutten av 70-talet investera i gravemaskinar og anleggsutstyr. I dag er me vel 20 tilsette på avdelinga, med ein stor maskinpark som rommar alt frå lastebilar og gravemaskinar, til borerigg, dumper og hjullastar.
Me har tiltaksklasse 3 i veg- og grunnarbeid, og med eigne tilsette, som brenn for faget, utfører me det arbeidet du måtte ynskja – frå planering av hustomt til opparbeiding av veg- og teknisk anlegg i store bustadfelt.