Kontrasten er stor frå då me hadde lager i «prestanaustet» og køyrde Opel Blitz på 60-talet, til dagens lagerområde på over 3500 kvadrat med fleire store køyretøy som står for transporten. Dei tilsette på lager- og transportavdelinga server alle våre prosjekt og består i dag av 6 mann, med topp moderne kappeanlegg og alt av naudsynt utstyr tilgjengeleg.