Engevik & Tislevoll var frå starten av eit byggmeisterfirma, som i hovudsak utførte tømrararbeid. Dette endra seg gradvis med åra, og utover 70-talet vart det utført meir betongarbeid. Mange av dei som utfører betongarbeid i dag er òg med på bygget gjennom tømrarfasen – fleire med doble fagbrev.
Me er medlem av Mestergruppen, landets største bustadbyggjar, hyttebyggjar og byggevarekonsern. Me sel hus frå deira huskjede Mesterhus.
Med henholdsvis tiltaksklasse 2 og 3 i tømrararbeid og plasstøpte betongkonstruksjonar er våre folk klar for å setje opp alt frå ei enkel utestove til større bygg over fleire etasjar.